Påskeklang konsert


Påskeklang konsert 3/4 kl. 1900

NY PÅSKEKLANG
i Ræge kyrkje

Påska 2022 framførte Maria Kessel Hynnekleiv, (piano) og Astrid Bjelland (fløyte) konserten «Påskeklang» i kyrkjene i Ræge og på Hjelmeland. Dei ønskjer no å vidareføre samarbeidet med ein ny «Påskeklang»-turné i 2023. Turnéen startar i palmehelga, med konsert i Misjonskirken på Majorstuen i Oslo, før dei held konsertar i Ræge og Hjelmeland i den stille veka.

Maria Kessel Hynnekleiv er frå Sola og har studert klassisk klaver både i Japan og i Stavanger. Ho er no masterstudent ved Norges Musikkhøgskule i Oslo, der ho også spesialiserer seg i tidleg musikk og hammerklaver. Opp gjennom åra har ho delteke i fleire konkurransar og musikkfestivalar i inn- og utland. Maria deltek også jamnleg på konsertar, både som solist, kammermusikar og akkompagnatør.

Astrid Bjelland har master i utøvande musikk frå Musikkonservatoriet i København. Ho held no på med diplomstudium ved konservatoriet i München, som er den høgaste utdanninga ein kan ta som utøvande musikar. Astrid har motteke mange prisar for fløytespelet sitt. Mellom anna vann ho 1. pris i «Tampere International Flute Competition» i Finland (2021). Ho har og vikariert i fleire orkester, og har for tida prøveveker som solofløytist i Kringkastingsorkesteret.

Maria og Astrid blei kjende i ungdomsskuletida, då begge fekk musikkopplæring gjennom «Unge Musikere» i Bjergsted. Og allereie i 2012 spelte dei saman ved ein konsert i Hjelmeland kyrkje. Sidan gjekk dei ulike vegar med musikken sin, men i 2017 møttest dei igjen under ein festival på Gotland, til gjensidig glede og inspirasjon.

Påskekonsertane i fjor gav også meirsmak, og i år kjem dei tilbake med fornya repertoar, og inviterer publikum til å oppleve påskebodskapen gjennom musikk. Konserten vil først og fremst innehalde klassiske stykker, men dei vil óg bruke aktuelle salmar frå dei ulike dagane i påska, og ta inn musikkstykker som høver i karakter og stemning. Dermed kan dette bli ei talande og vakker stund i kyrkja, der heile påska får klinge med.

Billetter kjøpes i døren, kontant eller Vipps til 47330333

Barn/ ungdom Kr. 150,- 

Voksne kr. 200,-

 

Tid: 03.04.2023 kl.19:00

Tilbake